Solar energy and low greenhouse gas emissions

2.3.png

- We have set the bar high when it comes to the environment and see that what we are about to build is actually in line with the high ambitions we have had all along, says Tage Rickard Sundell, responsible for the development at Vestland County Council.

Bygget skal ha liten klimabelastning, både under sjølve byggeprosessen og når senteret er tatt i bruk. Med høge krav og ambisjonar har miljøfokuset alltid vore på agendaen. Det er stilt krav om at det skal vere 50 prosent lågare klimagassutslepp enn for tilsvarande referansebygg.

Sorteringsgraden på material og avfall under byggeprosessen skal vere 85 prosent, medan det kun skal generere 25 kg avfall per kvadratmeter. Dei tøffe krava vart stilt i anbodskonkurransen og vekta med 50 prosent. Det har difor vore viktig å nytte fleire lokale produsentar og leverandørar slik at ein bidreg til kortreiste materialar og kortreist arbeidskraft.

- Totalentreprenør Åsen & Øvrelid, Arkitektkontoret 4B, Caverion og samtlege underleverandørar har kome opp med løysingar som har gjort byggeprosjektet enno betre og dei har strukke seg langt for at me skal nå ambisjonane våre. Saman har meg fått til meir ombruk, betre bruk av materialar og me ser at det overordna målet om lågare klimagassutslepp er på god veg til å bli innfridd, seier Sundell.

Når bygget kjem i drift og ViteMeir flyttet inn vil 50 prosent av den samla energiporduksjonen komme frå solenergi frå solceller på taket. Det er eit ambisjonsnivå ViteMeir set stor pris på å vere ein del av:

- Ambisjonane til Fyleskommunen er store og me er glade for at me har ein huseigar som set miljø og klima like høgt som me sjølv gjer. Det gledar oss stort at me òg får rapportar om at me kjem til å produsere meir energi enn det som er signalisert, seier Erlend Fardal Lunde, marknadssjef for ViteMeir.

ViteMeir opnar hausten 2021, med eit sterkt fokus på berekraft både i innhald og i bygget.

Guest User