Lærarkurs

Lærarkurs om «Elevar med stort læringspotensial»

ViteMeir tilbyr no gratis lærarkurs for skular som ønskjer å styrkje kompetansen kring elevar med stort læringspotensial!

Elevar med stort læringspotensial lærer ofte raskare, tenkjer meir komplekst og kan ha behov for andre typar faglege utfordringar enn det som ofte kjem fram gjennom vanleg undervisning, prøvar og karakterar. Nokre av desse elevane presterer høgt, medan andre kan vere vanskelegare å oppdage. Felles for dei er at dei treng å bli sett, utfordra og følgde opp på ein god måte.

Gjennom kursa ønskjer me å gje lærarar og skular meir kunnskap, konkrete verktøy og praktiske døme som kan brukast direkte i skulekvardagen. Kursa er gratis for skulane, og me kjem til skulen og gjennomfører opplegget hos dykk. Kursa kan gjennomførast kvar for seg, men me tilrår å starte med kurs 1. Det er også ynskjeleg at så mange som mogleg av lærarane deltek (gjerne heile personalet) for størst effekt og utbytte. Kvart kurs varer i om lag 90 minutt, men kan tilpassast til dei rammene skulen har. 

Kurs 1: Identifisering og oppfølging av elevar med stort læringspotensial
Dette kurset handlar om korleis skulen kan kjenne att elevar med stort læringspotensial, også dei som ikkje nødvendigvis presterer høgt i alle fag. Me ser på kjenneteikn, behov, vanlege misforståingar og korleis lærarar kan leggje til rette for god fagleg og sosial oppfølging.

Kurs 2: Tilpassa opplæring for heile breidda i klasserommet
Korleis kan me famne heile breidda i klasserommet? I dette kurset ser me på undervisning som gir rom for utforsking, djupnelæring, kreativitet og ulike nivå av fagleg utfordring. Målet er å gje lærarar praktiske grep for å lage undervisning der både elevar som treng meir støtte, og elevar som treng større utfordringar, får høve til å utvikle seg.

Kursa passar for lærarar, skuleleiarar og andre tilsette som arbeider tett på elevane. Innhaldet kan tilpassast skulen sine behov og aktuelle problemstillingar.

Ta gjerne kontakt med Håkon Mogstad dersom skulen dykkar ønskjer meir informasjon, eller vil avtale tidspunkt for kurs!

Håkon Mogstad, prosjektleiar for Talentsenter i realfag ved ViteMeir
E-post: hakon.mogstad@vitemeir.no

Mobil: 958 38 950