Årets første partnartreff
5.mars samla me partnarane våre til årets første partnartreff! Til saman deltok 28 personar frå 16 ulike partnarbedrifter. Eit av hovedpunkta denne dagen var å få vise fram dei mobile installasjonene våre og stikkordet “mobil” blei den raude tematiske tråden gjennom kvelden.
Dei mobile installasjonane våre gjer det mogleg å ta ein liten del av ViteMeir ut av bygget. I hovudsak blir dei nytta av formidlarane våre når dei er ute på hjul og formidlar kunnskap til skuleelevar i kommunane rundt oss. Samstundes eignar installasjonane seg godt på marknader, messer og liknande arrangement. Difor ønskjer vi òg at partnarane våre skal få moglegheit til å leige dei – enten dei treng eit fagleg og engasjerande innslag på eit arrangement, eller berre ønskjer å auke synlegheita si på ei messe.
I anledning den tematiske raude tråden satte me opp vår heilt eigen food festival— SmakeMeir på hjul! I dei ulike bodene fekk partnarane servert klassisk street food, før me avslutta med dessert, heimelaga vaniljeis laga med flytande nitrogen. Til dess var sjølvsagt bodene blitt utstyrt med ulik topping slik at ein kunne sette sitt eige preg på isen. Noko av det kom frå butikken, men det var også topping frå vår eigen takhage på menyen!
Partnartreffet ga som alltid både inspirasjon og rom for gode samtalar om vidare samarbeid. Me set stor pris på at partnarane våre tek seg tid til å delta, og ser allerede fram til neste gang!