Formidlarsamling 2025
Kvart år samlast formidlarane frå dei 13 ulike vitensentra i landet til ei samling der dei deler sine beste læringsopplegg, fritidsaktivitetar og erfaringar med kvarandre. I år var det ViteMeir sin tur til å vere vertskap. 2.-4. februar fekk me besøk av 70 kreative og engasjerte formidlarar, frå Alta i nord til Kristiansand i sør.
Learning program
Gjennom samlinga fekk me presentert 24 ulike læringsopplegg for skular og fritidsgjestar. Temaa var varierte, frå KI i skulen og kjemimysterium til redesign og tredimensjonale matematiske byggverk. Etter kvart vil elevane i Sogn og Fjordane få oppleve nokre av desse opplegga.
Me hadde òg ein fellessesjon der Eldbjørg Longvik, ein av landets beste stemmepedagogar, hadde ei veldig nyttig fellesøkt der me jobba med stemmebruk og kroppsspråk i formidlinga. Her var det mange tips me kan ta med oss vidare i utviklingsarbeidet vårt.
Kreativitet avlar kreativitet
Måndag kveld starta me med Kaupanger sitt svar på Grand Bazaar; boder med morosame aktivitetar frå kvart vitensenter.
Då gjestane våre møtte opp tysdag morgon, vart dei møtte av "Verdas minste kommentatorboks". Formidlarane våre, Håkon og Sandra, hadde mange slåande kommentarar å servere. I tillegg leverte me eit litt spesielt vitenshow saman med Brynjar frå VilVite; VitenO'shitShow. Eit show der alt som kan gå gale går gale. Dette hausta mykje gjenkjenning og latter i salen.
-Maten var heilt eventyrleg!
Tilbakemeldingane frå deltakarane var overveldande. Det var høgt nivå både på det faglege innhaldet og organiseringa. Me har eit flott senter me kan vere stolte over, og SmakeMeir leverte i toppklassen! Martin og Lise serverte umamiburger, fiskesuppe, sognasodd, tapas og bos-mat. Alt med lokale råvarer og tilbehør frå takhagen vår. "Maten var heilt eventyrleg!", var tilbakemeldinga.
Tysdag ettermiddag var det på tide med ei lenger pause. Her fekk gjestane våre tilbod om å vere med på litt ulike aktivitetar. Ein gjeng fekk seg ein luftetur til Kongeplassen, ein gjeng testa padelbanene, og ein gjeng ville utforske utstillingane våre.
Det er kjekt å kunne vise fram noko av det me har å by på her på Kaupanger, og me gler oss allereie til å reise til Atlanterhavsparken på formidlarsamling neste år.