Sommarskule
med ViteMeir
Sommarskule 2026
I år tilbyr me tre sommarskulekurs og i tillegg til å halde sommarskule på ViteMeir så skal me også ha sommarskule i Sogndal, Leikanger og Balestrand. Takka vera BUFDIR og Sogndal Kommune kan me med glede sei at årets kurs er gratis!
Sommarskulen er eit aktivitetstilbod med eit planlagt program der borna deltek i felles aktivitetar leia av ein formidlar frå ViteMeir. Borna som melder seg på bør vere motiverte for aktive og lærerike dagar. For at sommarskulen skal bli ei god oppleving for alle, er det viktig at borna som melder seg på har lyst til å vere med på opplegget som skal gjennomførast.
Det er begrensa tal plassar så her gjeld det å melde på før det blir fullt.
TIPS: Me har 10 kontorplassar til utleige i 3. etasje på ViteMeir - kvifor ikkje booke seg ein plass medan den unge håpefulle er på sommarskule? Du kan booke plass her.
-
Sommarskulen er eit aktivitetstilbod med eit planlagt fagleg program, og er ikkje meint som barnepass. Tilbodet passar for born som ønskjer å delta i organiserte aktivitetar gjennom dagen. Dersom behovet først og fremst er tilsyn eller frileik, er ikkje sommarskulen rett tilbod.
-
For at alle skal få ei god oppleving, forventar me at borna deltek i aktivitetane og følgjer beskjedar frå instruktørane.
Me forventar òg at borna viser respekt for både vaksne og andre deltakarar, og bidreg til eit trygt og inkluderande miljø. Det betyr vanleg folkeskikk som å lytte, samarbeide og ta omsyn til andre. Sommarskulen har eit felles program, og det er viktig at alle bidreg positivt i gruppa. -
For at sommarskulen skal vere ei trygg og god oppleving for alle, forventar me at deltakarane følgjer beskjedar og bidreg til eit godt miljø.
Dersom eit barn fleire gonger forstyrrar aktivitetane eller ikkje følgjer reglane, kan me måtte kontakte føresette og be om at barnet blir henta. Sommarskulen er organisert rundt felles aktivitetar, og me har dessverre ikkje ressursar til å tilby alternative opplegg for born som ikkje ønskjer å delta. -
Av omsyn til bemanning, tryggleik og organisering har me ikkje moglegheit til å tilby alternative aktivitetar.
-
Sommarskulen er eit aktivitetstilbod, ikkje ei heildags SFO-ordning. Erfaringa vår er at borna blir slitne og mistar konsentrasjonen etter fleire timar med aktivitetar. Programmet er innhaldsrikt og består av organiserte aktivitetar, med avgrensa tid til frileik. Kortare dagar gjer det lettare for borna å halde motivasjonen oppe og få ei god oppleving.
-
Sommarskulen serverer ikkje mat. Borna må ha med eigen matpakke og drikke.
-
Ja, barnet kan gå heim åleine. Hugs at det er 10-års aldersgrense for å vere åleine i utstillinga på ViteMeir.
Årets kurs:
Miniforskaren:
For deg som skal starte i 2.-3. klasse til hausten.
Bli med på ei reise gjennom vitskapen der me utforskar korleis menneske til alle tider har brukt naturfag og teknologi for å forstå verda rundt seg. Me tek turen frå dinosauranes tidsalder, vidare til vikingtida og inn i framtida! Me utforskar korleis kunnskap og teknologi har utvikla seg gjennom historia. Her blir det spennande oppdrag, kreative byggeprosjekt og engasjerande eksperiment!
Eksperiment X:
For deg som skal starte i 4.-7. klasse til hausten
På Eksperiment X får du vere med å 3D-printe eigne figurar og lage spennande oppfinningar. Me skal òg ha pappbonanza der me lagar stilige byggverk, i tillegg til kjekke eksperiment og uteaktivitetar gjennom dagen. Dette vil du ikkje gå glipp av!
Kompani Kjemi:
For deg som skal starte i 2.-3. klasse til hausten.
Er du klar for å bli rekrutt i Kompani Kjemi? I løpet av to spennande dagar utforskar vi kjemiske reaksjonar du både kan sjå, høyre og kjenne. Gjennom praktiske eksperiment lærer du korleis stoff kan forvandlast, blandast og reagere. Klarer du å bestå alle oppdraga og bli sertifisert medlem av Kompani Kjemi?
Klokkeslett: 10.00 - 14.00 kvar dag
Veke 26:
Eksperiment X, Balestrand, mandag-tysdag
Eksperiment X, Leikanger, onsdag-fredag
Miniforskaren, Leikanger, mandag-tysdag
Miniforskaren, Balestrand, onsdag-fredag
Veke 27:
Eksperiment X, ViteMeir, mandag-onsdag
Eksperiment X, Sogndal, torsdag-fredag
Miniforskaren, Sogndal, mandag-onsdag
Kompani Kjemi, ViteMeir, torsdag-fredag
Veke 32:
Miniforskaren, ViteMeir, mandag-onsdag
Kompani Kjemi, ViteMeir, torsdag-fredag
Vilkår:
Det er dei føresette som har ansvaret for at bornet møter opp til oppstart, og transport til/frå sommarskulen må føresette ordne sjølv. All aktivitet føregår på norsk, ViteMeir stiller ikkje med tolk. Det er kun bornet som er påmeldt, og som har fått stadfesting på tildelt plass, som kan møte opp. Dersom ditt born har assistent på skulen, er det føresette sitt ansvar å organisere dette på sommarskulen.
Årets sommarskule er gratis og som alltid med begrensa tal plassar. Me ønskjer derfor beskjed så fort som mogleg om du ikkje kan nytte plassen din likevel slik at nokon andre kan få glede av den.
For at sommarskulen skal bli gjennomført må det vera minimum 8 påmelde. Om det blir avlyst får du e-post innan 5 dagar før.
For sommarskule som gjennomførast på ViteMeir, vil me minne om at det ikkje er tillatt for born under 10 år å være aleine i utstillinga etter at sommarskulen er ferdig for dagen.