TILGJENGELEGHEIT - på ViteMeir

ViteMeir ønskjer å vera inkluderande og tilgjengeleg for alle. Me jobbar kontinuerleg med universell utforming av både nettside og utstilling.

Rullestolbrukarar og personar med begrensa mobilitet

Det er 5 HC-parkeringsplassar utanfor bygget. All parkering er gratis, men du må ha gyldig HC-bevis for å nytte desse plassane.

Det er trinnfri adkomst og automatiske inngangsdører.

Det er terskelfri tilgang til møterom og utstillinga, med heis til alle etasjer. HC-toalett i alle etasjer. Det er nokre få utstillingar med trapp, desse arbeidar me med å gjere tilgjengeleg for fleire.


Begrensa syn

Førerhund er velkommen i senteret.

Det er ledelinjer i alle etasjer.

Alle utstillingane våre er taktile. Me har ikkje blindeskrift, men me jobbar kontinuerleg med storleik og kontrast på tekst og informasjon i utstillinga.


Begrensa hørsel

Det meste i senteret er tilgjengeleg som tekst.

Me jobbar også heile tida for å begrense unødvendig støy frå utstillingene våre.


Lyd og støy

Er du sensitiv for høge lyder og støy? Me har hørselsvern tilgjengeleg for utlån til born i resepsjonen.

Me jobbar for å unngå unødvendig støy frå utstillingene våre, men me er bygget er veldig ope og det kan derfor på travle dagar vera ein del støy frå aktive besøkande. Nokon dagar og tidspunkt er rolegare enn andre. Kvardagar gjennom skuleåret er det som regel rolegare etter 13.00. På finværsdager er det generelt rolegare i senteret, både på helg og i feriane.

Spørsmål og svar

Om du har andre spørsmål eller kanskje du har innspel til korleis me kan forbedre oss: send oss ein e-post via knappen under.

  • Adressa vår er Skarpeteigvegen 2, Kaupanger. Me ligg lett tilgjengeleg ved riksveg 5. Det går bussruter frå Sogndal og gjennom Kaupanger med stopp kort veg frå Vitensenteret. Ein kan også gå eller sykle om ein befinner seg på f.eks. Vesterland Feriepark.

    Det er trinnfri adkomst til hovudinngangen. Dørene opnar seg automatisk.

  • ViteMeir har gratis parkering og fire ladepunkt for el-bil. Det er også HC-parkering rett ved hovudinngangen.

    Det er trinnfri adkomst frå parkering til hovudinngangen. Dørene opnar seg automatisk.

  • Ein kan kjøpe billettar på nett eller ved ankomst i senteret. Resepsjonen har både høg og låg skranke.

    Kjøp billettar her

  • Ledsager med ledsagerbevis har gratis inngang.

    Førerhund er velkommen inn på ViteMeir.

  • Det er godt merka nødutganger i alle etasjer. Det er også evakueringsstol til trappene.

    Ved ein ev. evakuering vil ansatte søke gjennom bygget og vise veg til nærmaste nødutgang.