Forskingsdagane 2026

Velkommen til Forskingsdagane på ViteMeir 25.–27. september!

Årets tema er tillit, og me inviterer deg til ei spennande og lærerik helg der du kan utforske kva det vil seie å stole på kvarandre – i kvardagen, på nett og i samfunnet rundt oss.

Gjennom aktivitetar kan du lære meir om korleis tillit blir bygd, og kva som kan utfordre den. Kven kan me stole på? Korleis veit me om noko er sant? Og kva skjer når tilliten blir borte? Bli med og utforsk, leik og lær – og oppdag kvifor tillit er så viktig for oss alle!

Vitenkveld og Quiz:

Velkommen til ein heilaften i SmakeMeir.

I samband med Forskingsdagane inviterer me til quiz og vitenkveld. Meir informasjon og påmelding kjem.