Back to all events

ExperimentWednesday - Algae Slime

Bli med på spennande eksperiment på ViteMeir! Onsdag 7. mai kan du frå 17.00-18.00 vere med å lage slimete algeslanger av natriumalginat, som kjem frå tang og tare i havet. Dette er ikkje vanleg slim. Du lagar lange, glatte trådar som liknar på sjøormar og slangar frå djupet. Stoffet blir brukt i iskrem, kunstig kaviar, medisinar og sårpleie.

Bli med å sjå korleis me kan bruke havet som ressurs. Du får god hjelp til å utføre eksperimentet av ein vitenvert. Opplegget passar for born og vaksne i alle aldrar.