Velkommen til Forskingsdagane på ViteMeir 26.–28. september!
Årets tema er tryggleik, og vi inviterer deg til tre spennande og lærerike dagar der du kan utforske kva tryggleik betyr – i kvardagen, i samfunnet og i framtida.
Gjennom aktivitetar og utstillingar kan du lære meir om mellom anna branntryggleik, trafikktryggleik og beredskap – viktige tema som angår oss alle. Kva gjer du om det byrjar å brenne? Korleis held vi oss trygge i trafikken? Og kor godt er vi eigentleg førebudde dersom krisa kjem?
Laurdag og søndag er det GRATIS inngang
Laurdag:
Klokka 11.30 og 12.30: Bjørnis kjem på besøk
Klokka 13.00-15.00: Bli med inn i ein lastebil for å sjekke blindsona
Heile dagen: bingojakt i senteret og pakk di eiga beredskapskasse
Søndag:
Klokka 13.00-15.00: Bli med inn i ein lastebil for å sjekke blindsona
Heile dagen: bingojakt i senteret og pakk di eiga beredskapskasse.
TUSEN TAKK til
Sparebank1 Sogn og Fjordane
Sogn Sparebank
Luster Sparebank
Sparebanken Norge