Me søkjer etter nokon som—

vil ha verdas kjekkaste deltidsjobb!!


🔎 Vitensenteret ViteMeir på Kaupanger søker deg som vil vere både Vitenvert og Reodorvert!

Har du lyst til å gjere besøket på Vitensenteret magisk for små og store, og samtidig vere med å inspirere ungdom til å utforske oppfinningar, koding og kreativt tullball? Då kan dette vere jobben for deg!

Som Vitenvert blir du ansiktet utad for Vitensenteret. Du møter publikum, hjelper til med aktivitetar og utstillingar, og bidreg til å skape gode opplevingar for gjestane våre.
Som Reodorvert blir du ein del av Sygnir Reodorklubb, fritidsklubben for unge oppfinnarar. Der får du vere med på alt frå 3D-printing og bygging, til elektronikk og små og store oppfinnarpåfunn.

Me ser etter deg som:

✨ Er blid og likar å møte folk
✨ Er kreativ, nysgjerrig og har lyst å lære (og lære bort!)
✨ Synest realfag og oppfinningar kan vere gøy
✨ Har lyst å inspirere andre
✨ Er over 18 år
✨ Kan jobbe ettermiddagar, helg og i feriar

✨ Helst har førarkort klasse B

Arbeidsstad Kaupanger

We offer

  • Opplæring og rettleiing i både vertskapsrolla og Reodorklubben

  • Ein sosial og lærerik jobb i eit kreativt miljø

  • Moglegheita til å utvikle eigne idear og vere med å forme aktivitetar

Du treng ikkje spesialkompetanse frå før – det viktigaste er entusiasme, stå-på-vilje og litt oppfinnargnist! 💡🔧

📩 Send søknad til: hbb@vitemeir.no
📩 eller til: enk@vitemeir.no
🕒 Søknadsfrist: fortløpande

👉 Bli med på laget vårt – og hjelp oss å skape undring, kreativitet og oppdaging for alle som kjem til ViteMeir!


Me treng også Smakevert til kafeen vår SmakeMeir! ☕🍰 Elskar du god mat, blide folk og god stemning?
Me treng deg som kan gi gjestane våre ei super oppleving – med eit smil, ein kopp kaffi og noko godt på tallerkenen.

Me ser etter deg som:
✨ Er serviceinnstilt og glad i folk
✨ Likar å jobbe i eit travelt, hyggeleg miljø
✨ Har lyst til å lære meir om mat og servering
✨ Kan jobbe ettermiddagar, helg og feriar

Me gir deg opplæring – du treng berre godt humør og vilje til å lære!
📩 Send søknad til lise.sundberg@vitemeir.no, frist: fortløpande