Summer vacation on ViteMeir

Lurer du på kva du skal finne på i sommarferien? ViteMeir, vitensenteret for heile familien, har kjekke aktivitetar kvar dag gjennom sommaren, men også tre etasjar der ein kan utforske, oppdage og leike! Så om du leiter etter ein familieaktivitet i Sogn, så treng du ikkje leite meir.

Vitensenteret har ope kvar dag frå veke 26-33, 10.00-17.00. Det samme gjeld kafeen vår, SmakeMeir, der du kan ta ein pause frå leik og morro, eller berre stikke innom for ein iskaffe du kan nyte på uteserveringa vår eller oppe på takhagen. Her har dei nydelege kaker eller eit større måltid, noko for ein kvar smak.

På programmet gjennom sommaren står det mellom anna sommarrebus, såpebobler og algeslim. Og er du innom må du passe på å få med deg det splitter nye vitenshowet vårt, der den (litt) skumle professoren Blodil spelar ein viktig rolle!

Programmet i sommar: