Sommaren 2025 på ViteMeir
Sommaren 2025 har vore full av aktivitetar for ViteMeir, både på senteret og ute i regionen.
På senteret har me hatt varierte sommaraktivitetar for små og store, der besøkande har fått utforske realfaga gjennom leik, eksperiment og kreativitet. På programmet stod det Sommarrebus, Lydlab, Sommarverkstad, Ikkje-Newtonsk Væske, 3D-printing, Såpeboble-eksperiment og vårt heilt nye Vitenshow “Professor Blodils laboratorium”. Sistnemte gjekk kvar dag gjennom sommaren, til stor suksess!
Me har også reist rundt i regionen for å møte folk der dei er. ViteMeir var til stades på Lerum Cup, Gaularmarknaden på Sande i Sunnfjord, Bringebærfestivalen i Vik og Sandanedagane. Der møtte me hundrevis av folk som stoppa opp for å prøve aktivitetane våre, stille spørsmål og for å oppdage noko nytt. Det er alltid stas å sjå korleis realfag kan vekkje begeistring – me tek med andre ord gladeleg turen om du vil booke oss til ditt arrangement/marknad.
Ein viktig del av sommaren har vore årets Sommarskule, som me har gjennomført i Balestrand, Sogndal, Kaupanger, Leikanger og Luster. Her fekk born og unge boltre seg i realfag, utforsking og praktiske prosjekt gjennom to/tre lærerike dagar. Årets kurs var Miniforskaren, Astronautakademiet og Eksperiment X, der dei alle har ulikt innhald og er tilpassa ulike aldersgrupper. I gjennomføringa fekk me verkeleg sjå korleis skapergleda kan blomstre når born og unge får bruke hovudet og hendene samtidig.
På tampen av sommaren var me til stade under grilling for studentar i sentrumsparken og me hadde aktivitetsdag med nye studentar i forbindelse med fadderveka på HVL, på Kaupanger, der me bidrog til å setje ei kunnskapsskapande og inspirerande ramme rundt starten på eit nytt studieår.
Sommaren 2025 har vist at nysgjerrigheit og skaparglede lever sterkt i regionen – og me på ViteMeir tek med oss energien vidare og gler oss til alt som ventar framover!